Me er så heldige å ha fått Odd Anders Otterstad til ridehallen på Geilo 25.mars kl 14 for å halda foredrag om hovstell/skoing og ha praktisk demostrasjon.
Otterstad er svært erfaren og er den fyrste i landet til å ta mesterbrev som hovslager.

Alle som eig hest eller har ansvar for hest har plikt til å sette seg inn i kva som er korrekt hovstell/skoing. Her får du tips til korleis ein skal bedømme dette og korleis det skal utføres. Arrangementet passar både for hovslagerer og den vanlege hesteiger som kjøper denne tenesten av andre.
Alle er velkomne! Arrangementet er gratis for medlemmer av Geilo ride og køyreklubb. 100,- kr i inngang for ikkje-medlemmer.
Med tanke på planlegging av arrangementet treng vi ei påmelding til Gro Marie Aakre tlf 91312665.